tirsdag 27. januar 2015

Kolonisering og kulturmøte

Då middelalderen tok slutt, var Europa i vekst. Ynskje om å tene endå meir på handel stimulerte til dristige ekspedisjonar på ukjende hav. Dei store oppdagingane var starten på ein europeisk dominans som skulle vare heilt fram til moderne tid. Denne globaliseringa var positiv for Europa sin vekst, men skulle få katastrofale fylgjer for folk i Afrika og Amerika. Fleire millionar innfødde vart utsletta med vald og smittsame sjukdomar. Slavar vart frakta til koloniar i vest og kristen misjon overkøyrde lokale religionar.
I denne bloggen skal me sjå nærare på dei store oppdagingane og starten på ei globalisering som har endra heile verda.