onsdag 11. februar 2015

Afrika

Afrika  var ein midelhavssivelisasjon som i over 1000 år i tur og orden vart skapt av fønikarar, grakarar og romarar. Det var før araberane kom og begynte å leggje under seg Nord-Afrika på 600-talet. Dei arabiske erobringane førte til at islam vart spreid over heile Nord-Afrika og langs kysten av Aust-Afrika.

I 1415 tok portugisarane Ceuta, ei muslimsk sjørøverbase. Ceuta, som i dag er spansk, ligg heilt nord i Afrika ved Gibraltar og grenser til Marokko. Fra denne sjøbasa navigerte portogiserane seg sjøvegen forbi Kapp Verde-øyane og ned til Guineabukta. Portugiserane var først og framst ute etter gull og på gullkysten, i Ghana, bygde dei det store fortet Elmina. Da byggverket stod ferdig i 1483 fekk portugiserane velsigning av paven til fullt herredømme over dei afrikanerane dei tok til fange. Portugiserane såg at dei kunne tene gode pengar på slavar, og utover på 1500-tallet vart fortet ein mellomstasjon for afrikanarar som skulle seljast som slavar. Dei vart frakta dit fra innlandet og stua saman i fangehol til dei vart lasta ombor i slaveskipa.

Afrika var sett saman av mangen forskjellige folkegrupper, språk, religionar, småsamfunn, rike og klima- og vekstsonar. Ørkenen Sahara skapte ei deling av Afrika mellom Nord-Afrika og Afrika sør for Sahara. Men der gjekk likavel handelsvegar gjennom Sahara.

Rike og småsamfunn

Naturforholda i afrika var skiftande. I somme område låg det til rette for jordbruk, mens andre stader gav regskogar, tørre savannar og ujamn nedbør dårlege kår. Enkle hakker var viktigaste reiskap pga tetsefluga gjorde det vanskelig med husdyrhald som kunne dra plogar. Afrikanarane brukte ikkje hjulet, så dei hadde ikkje fordelar som å lydte vatne frå eit nivå til eit anna i vatningsanlegg. Lite dyrkingsjord og spreidd busetnad, førte nokon stader til vanskelegheiter for sentraliserte samfunn. Høge skattar til herskarar førte ofte til fråflytteng trass i at der va nok jord for stor befolkning.
Med Ugunstige naturforhold som det var mange stader i Afrika, var det viktig å stå på god for med naturåndane. Ætta var grunnpilar i alle typar samfunn. Ætta fordelte jord, verna og tok seg av gamle og sjuke. Forfedrene skulle også dyrkast med eigne ritual. Ætta var i Afrika, ei religiøs eining som femde dei døde, ufødde og levande. Dei sådde, hausa, mol korn, henta vatn og laga mat. Menn dreiv jakt, fiske og fedrift.

På 400-talet blei dromedaren tatt i bruk som eit vanleg transportmiddel i Nord-Afrika. Der var mange fordelar med dromedaren. Den kunne bere med seg 500 kilo, han lagra vannresursar for lengre perioder i magesekken og han hadde klauer så han ikkje sokk så djupt ned i ørkensanden. På denne tida var det arabiske kjøpmenn som dreiv mesteparten av handelen gjennom Sahara. Inntektene frå salt- og gullhandelen vart brukt til å byggje byar, styrkje forsvaret og skaffe overklassen i dei vestafrikanske rika luksusvarer. På 1300-talet var Mali i Vest Afrika eit av dei største rika i verda og kjendt i Europa for rikdom, effektiv administrasjon og høgt utdanningsnivå. Mali vart styrt av muslimske herskera, og riket strekte seg fra Atlanterhavet og til det vi i dag kaller Niger. Frå den viktige handelsbyen Tombouctou gjekk det handelsvegar til Aust-Afrika, sørover til Guineabukta og nordover til Middelhavet.  

Den afrikanske austkysten hadde alereie kontakt med asiatiske sjøfararar første hundre år etter kristus. asiatane hadde med nye matvekstar som for eksempel bananar og kokosnøtter. Men kysten var mange stader isolert av fjell. Langs austkysten dreiv arabiske kjøpmenn handel og bygde handelsstasjonar og moskear. Lokale bantuspråk toke etterkvart opp i seg arabiske ord, og utvikla eit nytt språk, swahili, som i dag er nasjonalspråk i Kenya, Tanzania og Uganda.

Mathas O. Heggelund og Kristoffer Nordheim

6 kommentarer:

  1. Kristoffer og Mathias, bra arbeid :-)

    SvarSlett
  2. Godt innlegg. De har fått med ein del om korleis Afrika "såg ut" på 1400-talet. Kanskje de kunne hatt eit bilete eller eit kart, men det er ikkje så lett å finne noko frå den tida.

    SvarSlett