onsdag 11. februar 2015

Merkantilisme og trekanthandel

Merkantilisme var den dominerande økonomiske politikken som blei ført av dei fleste europeiske stater fra 1500- til 1700- talet. Målet med med mekantilismen var å legge til rette ein sterk, militær statsmakt for å oppnå størst mulig handelsoverskudd.

Merkantilismen gjekk ut på at når eit land fekk ein fordel, fekk eit anna land ein ulempe. Dette førte til at det var meir lønsamt å eksportere varer enn å importere, sidan dette medførte meir inntekter enn utgifter. Dette førte igjen til tollmurar ved landegrensene og strengare regulering fra staten.
På 1700-talet begynte folk å opne auga og la merke til korleis merkantilismen blokkerte forskjellige handelsvegar og hindra samfunnets vekst og verdiar. Folket meinte at staten skulle holde seg unna handel og økonomi fordi dette kunne overlatast til enkeltindividane åleine. Men for å bli konkurransedyktige, delte dei vesteuropeiske statsmaktene ut monopol på handelen med andre verdsdelar til store selskap. I Nederland, England, Danmark-Norge og Sverige vart desse selskapa kalla handelskompani. 
Slike selskap vart svært viktige i trekanthandelen mellom Europa, Afrika og Amerika. Trekanthandelen viser hovudsakleg til sjøfarthandelen mellom desse kontinenta, der Europeiske skip frakta varer - tøy, metall, reiskapar og våpen - til Afrika og bytta varene med slavar. Slavane blei transportert til Amerika og vart bytta med sukker og tobbakk. Desse varene vart frakta tilbake til Europa og vart seld på marknadene der. 

- Sølve og Caroline





7 kommentarer:

  1. Eit godt innlegg. God og relevant informasjon!

    SvarSlett
  2. Supert Sølve! Kjekk informasjon og fint bilete!

    SvarSlett
  3. Godt jobbet Sølve og Caroline!

    SvarSlett
  4. Greit innlegg på dåkke to! :-) Stå på!

    SvarSlett
  5. Greit innlegg på dåkke to! :-) Stå på!

    SvarSlett
  6. Dette var bra, dokke er flinke :D fortsett slik!

    SvarSlett
  7. Fint innlegg. Grei forklaring på merkantilisme. Fint med bilete av trekanthandelen, kanskje de kunne sagt litt meir om kva som vart frakta i "tre-kanten"

    SvarSlett